Nynorsk!

Sjølv om eg vanlegvis bloggar på bokmål er det nok nynorsk som ligg mitt hjarte nærast. Om eg skal vere heilt ærleg…

Då er det vel ikkje særleg vanskeleg å forstå kvifor eg ramla pladask for dette innslaget som kjem til å komme på «Torsdag kveld fra Nydalen» i morgon, torsdag:

I ein YouTube-video henta frå humorprogrammet får du sjå og høyra kampsong utanom det vanlege!

Herborg Kråkevik byrjar songen. Kledd i bunad syng ho alvorleg etter melodi frå Michael Jackson-klassikaren «Earth Song«:

Kva med ord som «kjærleik» eller «løyndom» og «møy». Kva med poesien – no viss nynorsken skal døy?

Så følgjer Odd Nordstoga, Liv Signe Navarsete og Bård Vegar Solhjell opp.

Lått og løye, ja! Eg må tilstå at eg både humra og lo meg gjennom videoen, men det er ikkje fritt for at det ligg ein god del alvor bak også…

Advertisements

Stikkord:

2 kommentar to “Nynorsk!”

  1. dottera di Says:

    (Mor? Ser du på sånt? Sjølv om eg av prinsipp eller andre uklåre orsaker ikkje tålar trynet til noko av medverkande personar, så må eg nesten (merk: nesten) vedgå at eg tykjer han var bra.)

    Tommel opp for eit blogginnlegg på og for nynorsk;)

  2. Tesha Says:

    Nei, eg gjer jo ikkje det – veit du! Og dessutan kjem ikkje innslaget før i morgon! Så dette er reine «før-premieren»!!!
    Takketakk, forresten!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s


%d bloggers like this: